Dagens lomsord
onsdag 15. juli 2026

evighetsgang

(ein) evihetsgang

Måte å halde seg med gjær på før det vart vanleg å kjøpe gjær på butikken. Når ein laga ein gjærdeig, så let ein noko av deigen vere att i ei lita krukke med litt oppverma vatn og litt sukker og mjøl. Den innturka deigen tok da til å gjære og kunne brukast til å lage ein ny gjærdeig.